LydMyren

Med Bolstad, 1982 og Holsen

Konsert på Atelier Nord ANX
22.01.2014 kl. 20.00.
Dørene opnar kl. 19.40
Inngang kr 100

Hilde Holsen solo og urframføring av i live, av Kristin Bolstad for trioen 1982. Verket i live fokuserer på detaljane i eit lydbilete – alle knirk og knak, pust og stryk. Komponisten har jobba tett med 1982 og instrumenta deira for å få fram nettopp desse lydane. Den unge musikaren Hilde Marie Holsen tek master i utøvande musikkteknologi ved Norges Musikkhøgskule. Ho tek utgangspunkt i lydar frå trompeten sin, og endrar dei raskt til noko anna gjennom elektronikken. Slik improviserer ho fram nye lydar, teksturar og klangar i ulike lydlandskap. Les mer her.

Presentert av Notam med støtte frå Norsk Kulturråd.